Fem damer og fem tiår – sterke kvinner i Årdal Energi
FEM FINE: Desse damene spelar ei nøkkelrolle i Årdal Energi. Frå venstre: Britt Helene Vee Natvik, Ruth Marit Saur, Danka Jevcakova, Paula Fykse og Selina Myrmel Gram.
Energibransjen har tradisjonelt vore mannsdominert, men i Årdal Energi hadde me ikkje klart oss utan damene på huset.
Konsernet vårt omfattar seks selskap innan kraft, nett, produksjon, programmering og TV- og fiber. Av dei 34 tilsette er 27 menn, to lærlingar og fem kvinner. Når det er sagt, er kjønsbalansen jamnare i styret vårt, der to av fem styremedlemmer er kvinner.
Poenget er at utan damene på huset hadde mykje stoppa opp. Dei jobbar på tvers av alle selskapa i konsernet, held styr på økonomien, sikrar lønsutbetalingar og andre rettar for dei tilsette, og sørgjer for at kundane får svara dei treng.
Damene spelar òg ei viktig rolle i arbeidsmiljøet. Sjølv om det er høgt under taket, hadde det ikkje vore det same utan deira kunnskap, tryggleik og gode humør.
Kvinner med kraft
Me er så heldige å ha god spreiing i alder. Dei fem damene våre spenner over fem tiår:
Britt Helene i 60-åra, Ruth Marit i 50-åra, Danka i 40-åra, Paula i 30-åra og vårt nyaste tilskot, Selina, i 20-åra.
No har Britt Helene vald å takka for seg og gått inn i rekkjene til pensjonistane. Etter 19 år som økonomimedarbeidar har ho alltid møtt folk med varme og godt humør.
Dermed rykkjer Ruth Marit, økonomi- og administrasjonsleiar, opp og blir eldste kvinne på huset. Ho kom inn i energibransjen for 13 år sidan og har verkeleg sett sitt preg på utviklinga av organisasjonen. Ruth Marit er ei sterk stemme i leiargruppa, med stor styrke innan struktur og organisering.
No har ho teke Selina under vengene sine og lært ho opp etter alle kunstens reglar. Selina har vore eit friskt pust og svært lærevillig. Ho er allereie godt i gang med viktige oppgåver innan rekneskap og løn.
Til å halda orden på huset kunne me ikkje hatt ein meir dedikert tilsett enn Danka som servicemedarbeidar. Ho er høgt og lågt – heile dagen. Alle gler seg til fredagane, for då vartar ho opp med herlege lunsjar og bidreg sterkt til den gode trivselen på huset.
På Årdalsnett finn me Paula, som med sitt smilande og rolege vesen sørgjer for at kundereisa di er på topp. Ho hankar stadig inn nye kundar med sine kreative løysingar. Som sals- og marknadsleiar kombinerer ho analytiske evner og relasjonsbygging for å finne dei beste løysingane.
GOD STEMNING: Damene spelar ei viktig rolle i arbeidsmiljøet. Sjølv om det er høgt under taket, hadde det ikkje vore det same utan deira kunnskap, tryggleik og gode humør.
God trivsel
Mangfald i ein mannsdominert bransje er ikkje berre ein fordel, men ein føresetnad for å sikre utvikling og innovasjon. Med kvinner i ulike roller får me fleire perspektiv, betre samarbeid og eit meir inkluderande arbeidsmiljø.
Kvinner spelar ei viktig rolle i energibransjen, og det er tydeleg hjå oss i Årdal Energi. På kvinnedagen sender me ei ekstra takk til våre eigne, og gratulerer alle kvinner med dagen!