Openheitslova

Årdal Kraftlag AS har i samsvar med openheitslova, som vart sett i verk den 1. juli 2022, plikt til a gjennomføre aktsomheitsvurderingar og rapportere om desse. Lovas føremål er å fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsvilkår i samband med produksjon av varer og tenester. Samstundes sikrar lova allmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for desse rettane. Det er krav om at selskapa som er underlagd lova skal gjennomføre og publisere aktsemdvurderingar av aktivitetar innan 30. juni kvart år. Rapportane skal oppdaterast og publiserast på selskapet sine heimesider innan 30. juni kvart år og elles ved vesentlege endringar i verksemdene sine risikovurderingar.

Årdal Kraftlag legg stor vekt på openheit og informasjon i selskapet si verksemd.  Me er forplikta til å følgje gjeldande lover og reglar, inkludert openheitslova.  Me kjøper tenester av fleire leverandørar, og dei aller fleste av desse er lokale eller norske firma. Me har god dialog med leverandørane og har tillit til at dei følgjer lovar og reglar knytt til menneskerettar og arbeidsforhold. Årdal Kraftlag AS stiller strenge krav til dei internasjonale leverandørane våre, og krev at dei følgjer internasjonale standardar for menneskerettar og arbeidsforhold.  Me er underlagt reglar for offentleg innkjøp, og då vil arbeidet/tenesta bli lyst ut via anbodskonkurranse. Dette er strengt regulert, og useriøse aktørar vert avvist. 

Klikk på denne lenka for å lese vår rapport om openheitslova for 2023.